#InternasjonalPolitikk

Ivar Espås Vangenivarv93@social.babb.no
2026-03-03

USA sin utanriksminister, Marco Rubio, uttalar at Trump starta krigen mot Iran fordi ein visste at Israel hadde planar om å gå til krig først. Det ville unekteleg også setja amerikanske militærbasar i regionen i fare. Og dei er det som kjent mange av.

Kva kan ein lesa ut av det her? Ein mogleg tolking kan vera at det er Israel som i røynda styrer amerikansk utanrikspolitikk, som eg ser enkelte hevdar. Eg kjøper ikkje den teorien. Israel er 100 % avhengig av amerikansk støtte for å halde på slik dei gjer. Om USA set ned foten må Israel gi seg. Det har skjedd mange gonger tidlegare. Det hjelper ikkje å vera proppa full med atomvåpen om Uncle Sam kuttar autotrekket i nettbanken.

Trump-administrasjonen ville openbert ikkje dèt. Mange av Trump sine kjerneveljarar vil aldri røyste på partiet hans igjen dersom det viser seg at han "sviktar" Israel. Det her dreier seg i første rekke om evangeliske kristne. Rubio si fråsegn tener derfor to funksjonar på same tid:

1) Å vise at USA "står med Israel".

2) Å skyve ansvaret for krigen bort frå Trump-administrasjonen, og dermed prøve å oppretthalde løgnen om Trump som "fredspresidenten".

Det kan sjå ut til at Trump-regimet har feilvurdert amerikanarane den her gongen. Det her er ikkje 2002, så krigspropagandaen har ikkje lenger same effekt. Alt som har komme frå administrasjonen den siste veka legg til grunn at amerikanarane er komplette idiotar. Det er dei heldigvis ikkje, og det sleier å straffe seg for leiarar som i fullt alvor meiner at dei styrer over tomsingar som trur på kvar ei løgn dei får servert. (At eit FLEIRTAL av amerikanarane no er meir sympatiske til Palestina enn Israel, kan også fort bli eit problem for styresmaktene.)

Utfordringa her ligg i Kongressen. Demokratane står på ingen måte samla i motstanden mot krigen, og Republikanarane er så lojale til Føraren sin at ein ikkje kan vente seg mykje fredsaktivisme her heller akkurat. Eg har derfor ingen tru på at Kongressen kjem til å stikke kjepper i hjula her. Det ville krevja eit demokratisk sinnelag og respekt for grunnlova som er fullstendig passé i dagens USA. Sånt tok ein livet av med 9/11.

Det her kan gå frykteleg gale.

#norsktut #iran #internasjonalpolitikk #fred #trump #imperialisme
Marco Rubio: Planned Israeli strike forced US to launch Iran war | The Jerusalem Post

Ivar Espås VangenIvarv93@snabelen.no
2026-03-02

Folkemeininga har aldri vore særleg relevant for utfall i amerikansk utanrikspolitikk. Presidentane gjer stort sett som dei vil, utan omsyn til grunnlova, Kongressen eller folket.

Det er likevel interessant å sjå kor få amerikanarar som støttar plyndringskrigen mot Iran. Sjølv med (minst) 20 år med førebuande propaganda er tale svært låge.

Til samanlikning trudde faktisk eit fleirtal i 2003 på Bush sin bløffing om Irak.

#norsktut #iran #internasjonalpolitikk #krig

motherjones.com/politics/2026/

Ivar Espås VangenIvarv93@snabelen.no
2026-02-27

24. Februar 2026 - sånn er stoda.

#ukraina #FN #InternasjonalPolitikk #norsktut #russland

Ivar Espås Vangenivarv93@social.babb.no
2026-02-11

Det er interessant å sjå at amerikanske konservative kan ha same analyse av USA og Nato si rolle i verda, som anti-imperialistar på den radikale venstresida.

The reality has been far more stark, ugly, brutal, and hypocritical than Carney’s sanitized version. Despite their pious, idealistic statements throughout the decades, U.S. and allied leaders have waged numerous wars of aggression, selectively empowered corrupt, murderous tyrants as clients, stolen land and other resources from disfavored nations, and embraced flagrant double standards with respect to both international law and basic ethics.

Heilt klart. Og heile pisset om "den regelbaserte verdsordenen" er heilt medvite for å slippe å tale om folkeretten og FN.

The so-called rules-based order has had two very different sets of rules. Washington and its allies (especially its allies in NATO) could do virtually anything they wanted without fear of adverse legal, economic, or military consequences from the “international community.” Countries not enjoying the status of being U.S. allies or clients—and especially those that were considered Western adversaries—have been shamelessly harassed and bullied. Frequently, such coercion has even occurred in the name of upholding noble international norms.

Det her bør vera openbert for alle som studerer internasjonal politikk utanom propaganda-prismet om "gode" og "onde" statar. Aftenposten og VG vil dessverre aldri forstå det her.

Donald Trump may be guilty of many types of misconduct, including a worrisome fondness for authoritarian methods. But destroying a just and effective rules-based international system is not among his offenses.

Nettopp. Det Trump øydelegger er harmonien i Nato, framfor noko. Om ein har ein gjeng mobbarar på ein ungdomsskole, er det ikkje slik at sjefsmobbaren "øydelegg skolemiljøet" først når han byrjar å plage kompisane sine. Skolemiljøet vart øydelagt da han banka opp taparen ingen brydde seg om.

#internasjonalpolitikk #norsktut #usa #trump #folkeretten
Trump Didn’t Destroy the ‘Rules-Based International Order’ - The American Conservative

Ivar Espås VangenIvarv93@snabelen.no
2026-02-03

Med Venezuela knekt, er det nok ikkje lenge før Cuba blir tvunge i kneståande.

Men korfor er Cuba eigentleg så hata i Washington? I 2018 prøvde eg å utforske spørsmålet li artikkelen her. Eg trur mykje står seg.

#Cuba #amerikanskpolitikk #internasjonalpolitikk #norsktut

radikalpolitikk.no/2018/11/04/

Ivar Espås VangenIvarv93@snabelen.no
2026-01-08

“We control the energy resources, and we tell the regime, you’re allowed to sell the oil so long as you serve America’s national interest, you’re not allowed to sell it if you can’t serve America’s national interest,"

Disse orda kunne ha vore ytra av ein amerikansk politikar rundt 1900. Det er dei ikkje. Sitatet kjem frå J.D. Vance no nettopp. Meir open innrømming av den imperialistiske tenkemåten i Washington er det vanskeleg å spore.

#JDVance #Venezuela #norsktut #internasjonalpolitikk

Rick Moen 🇺🇸 🇳🇴 🇬🇧unixmercenary@infosec.exchange
2026-01-07

@ivarv93 Alt du sier her er helt korrekt og av avgjørende betydning. Jeg har også spurt mine amerikanske landsmenn: Hvilken amerikansk lov brøt de andre karene?

Trump-folk peker på en nylig offentliggjort tiltale mot Maduro og hans kone Cilia Flores som en lovlig tiltale uansett hva internasjonal sedvanerett sier. Forutsatt at det er riktig for diskusjonens skyld, hva med det uprovoserte snikangrepet og det høye antallet dødsfall?

NY Times sa at antallet drepte var minst 80 og forventes å stige, siden detaljene er sparsomme og uklare. 150 militære droner, jagerfly og bombefly, pluss Delta Force-invasjonen på bakken, angrep mange steder i Caracas, Miranda, La Guaira og Aragua, inkludert Fort Tiuna, hovedkvarteret til landets forsvarsdepartement og mange andre steder – plutselig død ovenfra. Ingen forbrytelse, ingen rettssak, ingen domfellelse, bare dødsstraff.

Igjen, bare for diskusjonens skyld, la oss slå fast at militærmakt var berettiget for å utføre den plutselig offentliggjorte arrestordren (selv om det er svært tvilsomt). Inkluderer det et svært dødelig snikangrep som (så vidt vi vet) ikke engang ble innledet av et ultimatum om å trekke seg til side og ikke blande seg inn i en lovlig arrestasjon? Ikke en respons på aggresjon, bare plutselig død fra luften, hjemsøkt av menn og kvinner som aldri angrep oss?

Jeg hjemsøkes av et annet snikangrep, det i desember 1941 som motiverte pappa til å bli med og kjempe for USAAF.

Vi er de slemme. Jeg protesterer sterkt.

#Norsktut
#usa
#venezuela
#icj
#icc
#fn
#folkeretten
#internasjonalpolitikk

(Jeg beklager mitt norske idiom. Jeg er en lærling.)

Ivar Espås VangenIvarv93@snabelen.no
2026-01-07

Kor har dei siste amerikanske presidentane bomba?

#Bush #Trump #Obama #Biden #krig #imperialisme #bombing #internasjonalpolitikk #norsktut

Client Info

Server: https://mastodon.social
Version: 2025.07
Repository: https://github.com/cyevgeniy/lmst