Vi liker løping, og vi liker øl 🍻🏃🏻
Fin artikkel i FVN 📰 https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/zA1gyK/foerst-loep-de-syv-kilometer-saa-beloennet-de-seg-selv-med-oel
Vi liker løping, og vi liker øl 🍻🏃🏻
Fin artikkel i FVN 📰 https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/zA1gyK/foerst-loep-de-syv-kilometer-saa-beloennet-de-seg-selv-med-oel
Arrangøren: "langs kaianlegg og maritimt miljø, over svaberg og gjennom kystlynghei i flomålet mens bølgene slår inn over land og sjøsprøyten står"
Omsetjing: skli rundt i gjørma, tripp rundt på stiar full av våte røter og steinar, kravl både opp og ned bratte sider, vas rundt på glatte svaberg der du leitar etter trygg rute. Alt dette medan vinden står rett inn frå havet.
Alt i alt, eit veldig fint løp, men eg føretrekk å løpe når eg deltar i løp. Anbefalast for dei det gjeld.
#LøpeTut #Løping
Sååå... Eg har visst sprunge mitt første terrengløp. Det var eg ikkje heilt førebudd på. Eg trudde det var mest på veg, og så eit par km svaberg og liknande.
Oh, no! Ca 4,5 km eg likte, og så var det å kravle rundt i terrenget. Det var glatt, det var bratt, det var vind og det var regn. Frå ca 6,5 km sprang eg ilag med ei anna ei. Vi fann ut det rett og slett var tryggast. Men det var triveleg òg, da.
2:03, 13,3 km. Eg brukte seriøst over 15 minutt på den eine kilometeren der!
#LøpeTut #Løping
Sitt i bilen. Har henta startnummer. Litt over ein time til start. Det er duskregn og ganske grått. Skal klarne opp utover dagen, men det blir kanskje først etter løpet. Løypa går i veldig mykje ulikt terreng, så det kan visst vere litt glatt enkelte plassar. Eg får ta det med ro.
Var rett før eg dro på meg ein kink i ryggen i dag tidleg. Kjente det da eg jogga rundt på stovegolvet som test, men ibuprofen har hjulpe. Må bli flinkare til å trene styrke.
Eg skal springe gul løype.
#LøpeTut #Løping
Løpet i Kristiansund neste laurdag kostar det samme for 5K som for 22K. Eg synest 350 kr, og iallfall 450 kr frå midnatt av, pluss 50 kr lisens er litt drøyt for eit 12K-løp (og iallfall berre 5K). Sitt og vurderer om eg skal melde meg på no for å spare 100 kr. Men sparer jo enno meir på å ikkje dra... Og iallfall om eg i tillegg kan rekne med fartsbot i Freifjordstunellen. Dei starta med snittmåling i dag, som er bra!, men nesten halvparten er nedoverbakke og eg har ufancy bil.
#LøpeTut #Løping
👀👀 Kristiansund arrangerer halvmaraton (havmaraton) for tredje år på rad om to veker, og eg har hatt lyst men ikkje moglegheit begge tidlegare år, men halvmaraton er nok litt hardt på knea akkurat no, og eg skal i bryllaupsfeiring seinare den dagen, men no ser eg at det går an å springe 12K òg (Kirklandet rundt) og at det startar kl 11 allereie og eg trur ikkje den feiringa startar før kl 17 👀👀
#LøpeTut #Løping
Kaptein Dreyers minneløp gjennomført!
Spørs om eg må bruke adrenalinrushet på å melde meg på fleire løp i nærmaste framtid 😅
1:13, 12,3 km. Veldig, veldig nøgd! Var mykje meir ulendt sti enn forventa, noko hjernen ikkje likte, men elles eit veldig fint løp opp elva (Driva) på eine sida, og ned på andre. Freistar med gjentaking neste år.
#LøpeTut #Løping
Økt 2: jogga til starten av ein liten fellestrimtur med idrettslaget. Det regna! Eg hadde i utgangspunktet tenkt å jogge heim att, òg (ikkje tilbake samme rute, men resten av "runden"), men eg var litt våt og eg har ein brøddeig som skal i omnen.
41:25, 6,56 km (194 høgdemeter opp, og 195 ned. Det er kupert her).
#Løping #LøpeTut